Vallogo

Stortings- og Sametingsvalet 2017 – manntalet

Du må stå i manntalet dersom du skal kunna røysta ved Stortings- og Sametingsvalet 2017. Manntalet for Vik kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn i tida frå og med 10. juli og fram til og med valdagen, 11. september 2017. 

Manntalet vert lagt ut på tenestetorget i kommunehuset.

Har du flytta frå ein kommune til ein annan, og meldinga om flytting ikkje er registrert i folkeregisteret innan 30. juni 2017, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta i ein annan kommune.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klaga til valstyret. Klagen skal vera skriftleg og skal grunngjevast.

Adressa til valstyret er:

Valstyret i Vik, Postboks 134, 6891 Vik i Sogn

Valstyret i Vik

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut