Tidlegpensjon for jordbrukarar

Generelt

Beskrivelse

Ordninga med tidlegpensjon er ein del av veldferdsordningane i landbruket. Tidlegpensjon skal lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Det blir utbetalt anten ein éinbrukar- eller tobrukarpensjon. Tobrukarpensjon er aktuelt i dei tilfella der også brukaren sin ektefelle/sambuar har tatt aktivt del i drifta. Pensjonen blir utbetalt til og med den månaden brukaren fyller 67 år, med mindre brukaren får utbetalt andre typar pensjonar som ikkje kan kombinerast med tidlegpensjonen.

Målgruppe

Alle som driv med jordbruk, men spesielt dei som ønskjer å overlate drifta til nokon andre og trekkje seg attende.

Kriterier/vilkår

  • Brukaren må vere fylt 62 år
  • Landbrukseigedommen må vere overdratt til ny eigar eller forpaktingsavtalen må vere oppsagt
  • Brukaren må ha vore gardbrukar i minst 15 år
  • Næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk må ha vore minst kr 90 000 i referanseperioden som er sett til fem år
  • Minst 25 % av inntekta frå jordbruk/gartneri og skogbruk skal vere inntekt frå jordbruk/gartneri
  • Minst 67 % av samla inntekt må vere næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk eller brukarens og ektefellens/sambuarens samla næringsinntekt frå bruket må utgjere minst 50 % av deira samla inntekter

Ved tobrukarpensjon er det i tillegg òg krav om at

  • ektefelle/sambuar må ha fylt 57 år
  • ektefelle/sambuar må ha budd og arbeidd på landbrukseigedommen i dei siste fem åra
  • brukarens og ektefellens/sambuarens samla næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk må utgjere minst 50 % av dei samla inntektene deira
  • ektefelle/sambuar kan ikkje ha annan inntekt på meir enn kr 100 000 utanom bruket i referanseperioden

Fylkesmannen kan gje dispensasjon frå inntektskrava på nokre område.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Serviceerklæring

___

Praktiske opplysninger

Skjema

Skjema SLF-108


Statens landbruksforvaltning (forkjellige skjema)

Vedlegg

  • Utskrift som viser inntekt frå dei fem åra som inngår i referanseperioden
  • Kopi av tinglyst skøyte på at landbrukseigedommen er overdratt til ny eigar eller skriftleg oppseiing av forpaktningsavtalen
  • Skattekort

Saksbehandling

Kommunen kontrollerer at søknaden er riktig utfylt og at alle vedlegga er med. Søknaden blir sendt til landbruksavdelinga hos Fylkesmannen, som gjer vedtak i saka. Statens landbruksforvaltning utbetaler pensjonen kvartalsvis.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statens landbruksforvaltning, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

___

Andre opplysninger

Dato oppdatert
2011-08-24 13:41

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Tenestebeskrivelser

Web levert av CustomPublish AS