Tiltak

Tilskot til miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og drenering 2017

Søknadsfrist for SMIL-midlane er 1. april 2017. 

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
 
Formålet er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere ureininga frå jordbruket, utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift.

Døme på tiltak som ein kan få tilskot til er

  • rydding og inngjerding av gamal kulturmark til beite
  • slått av verdifulle område (av omsyn til biologisk mangfald) som ikkje eignar seg for dagens landbruksmaskiner
  • istandsetjing av verneverdige bygningar
  • skjøtsel eller istandsetjing av kulturminne (t.d. steingjerder)
  • istandsetjings- og restaureringsplanar
  • rydding av stiar

Søknadsfrist er 1. april 2017.

Ein søkjer ved bruk av skjemaet SLF-430. Søknaden sendast til kommunen. 

Du kan lesa meir og finna søknadsskjemaet her.

Ein kan også søkje om tilskot til drenering, frist fortløpande.

Har du spørsmål om søknaden, ta kontakt med Veronika Seim Bech rydding av beite og slåttemark) telefon 909 10 709, Veronika.Seim.Bech@vik.kommune.no, eller Karen Weichert (verneverdige bygningar, kulturminne og sti-rydding) telefon 905 34 102, karen.weichert@vik.kommune.no.

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar

Avdelingsinformasjon