Gunnarsete

Tilskot til utsiktsrydding

Sogn og Fjordane har fått tildelt vel 9,2 mill kr som skal nyttast til utsiktsrydding i 2017. Dette er ein rekord-stor pott, og Fylkesmannen ynskjer seg mange og gode søknadar. 

Utsiktsrydding er fjerning av tre, renningar og busker langsmed ferdselsårar som veg og sti, for å gje brukarane betre utsikt til det kringliggande landskapet. 

Gjengroing er ei ulempe for landbruket, og kan svekke grunnlaget for den veksande reiselivsnæringa. Føremålet med tilskot til utsiktsrydding i landbrukets kulturlandskap er å medverke til utsikt og fremje verdiar knytt til landbrukets kulturlandskap.  

Områda som skal ryddast skal vere av verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side. 

Grunneigarar eller andre (til dømes føretak) med løyve frå grunneigar kan søkje. Søkjar må ha organisasjonsnummer. Søkjarane skal sende søknaden til kommunen der tiltaket utførast. Kommunen sender så si tilråding til Fylkesmannen, som gjer vedtak om tilskot. Det skal brukast søknadsskjema LDIR-926. Fylkesmannen har utarbeidd retningslinjer for prioritering av søknader. Retningslinjene seier m. a.  kva type ryddetiltak som skal prioriterast i fylket. Tilskotet kan løyvast for inntil 70 % av godkjende kostnader.

Det er ikkje lagt opp til nokon søknadsfrist. Innkomne søknadar blir handsama fortløpande.

Ta kontakt med kommunen v/ Karen Weichert (telefon 414 42 726) om du lurer på noko eller treng hjelp med å fylle ut søknadsskjemaet.
 
Meir informasjon om tilskotsordninga på

Lenkje til retningslinjene for Sogn og Fjordane.

Lenkje til søknadsskjema.

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut