Tryggingsalarm

Føremål med tenesta

Brukaren ber tryggingsalarmen på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Tryggingsalarmen er knytta til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til dei kontaktar den enkelte har på lista si, eller heimesjukepleien, eller lege.

Kven får tenesta

Innbyggjarar som grunna sjukdom, alder og/eller funksjonshemming kjenner seg utrygg i eigen heim.

Korleis få tenesta

Kommunen sitt søknadskjema. Lege eller andre deler av hjelpeapparatet kan også formidle søknad

Kva omfattar tenesta

Tryggingsalarm er ei serviceteneste til sjuke, eldre og/eller funksjonshemma som vil bu heime, men som ynskjer raskt og kunne tilkalle hjelp dersom noko uventa skulle oppstå.

Kva kan eg forvente

Du kan forvente eit skriftleg svar med svarfrist som gjeld i forvaltningslova. Opplæring i bruk av alarmen At sjekk av tryggingsalarm vert gjort etter forskrift

Når ting ikkje fungerer

Kontakt driftsoperatør for hjelpemiddel i Vik kommune

Pris

Kommunestyret fastset eigenbetalinga som vert kravd månadleg for leige av alarmen

Heimelsgrunnlag

•Forvaltningslova •Forskrift til lov om sosiale tjenester •Sosialtjenesteloven § 4-3

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er anten Fylkesmannen (dersom tenesta blir gjeven etter sosialtenestelova) eller den kommunale klagenemnda. Før klagen blir send til klageorganet, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Kontaktinformasjon

Rehabiliteringsavdelinga / hjelpemiddelformidling tlf 57 69 87 39

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Web levert av CustomPublish AS