Døme på oppgåver i viltforvaltninga:
- Forvaltnig etter gjeldande lover og forskrifter
- Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
- Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan.
- Kontroll/registrering av fellingsrapporter
- Registrering analyse av sett hjort- skjema
- Godkjenning av vald
- Godkjenning av driftsplanar
- Forvaltning av kommunen sitt viltfond.
Skjema og annan info. finn du på nettsidene til Direktoratet for naturforvaltning.
Påkøyrd hjort - merk staden og varsle politiet - tlf 02800
Dersom du køyrer på ein hjort eller ser anna skada vilt skal du merke staden (merkeband, plastpose mm.) og varsle politiet på tlf 02800.
Vik Sporhundlag - vakttlf. 97 59 72 15
Vik kommune har avtale med Vik Sporhundlag om ettersøk av skada og sjuke dyr. Ved påkøyrsler skal politet skal alltid varslast og dei kan stå for kontakten vidare til sporhundlaget og eventuelt kommunen. Du kan og sjølv kontakte sporhundlaget på vakttelefon 97 59 72 15.