Utsett for vald eller overgrep

Vald og overgrep kan vere fysiske handlingar som å slå, eller sparke, eller psykisk vald som truslar, degradering, kontrollering og audmjuking. Det kan også vere seksuelle overgrep, som valdtekt, incest eller uønska beføling. Andre former for vald og overgrep er handlingar som skremmer eller sårar, som øydelegging av gjenstandar av verdi, økonomisk utnytting av andre menneske, eller å hindre dei i å rå over eigen økonomi.

Alle former for vald og overgrep er ulovlege. Blir du, eller nokon du kjenner, utsett for vald, eller overgrep bør du oppsøke hjelp.

Ta straks  kontakt med legevakt tlf  116/117  for medisinsk hjelp og rådgiving viss du nyleg har blitt utsett for valdtekt, eller eit anna seksuelt overgrep. 

  • Legen vill hjelpe deg og setja deg i kontakt med overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane som ligg i Førde. Dei vil m.a hjelpe deg å sikre spor i tilfelle du melder overgrepet til politiet.
  • Tilbodet er gratis.
  • Du får hjelp uansett om du ønsker å politimelde overgrepet eller ikkje.

Helsestasjon for ungdom kan hjelpe deg dersom:

Du finn meir informasjon og fleire hjelpetenester på Helsenorge.no

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
InformasjonKontaktopplysningar
Telefon dagtid57 69 87 11
OpningstidMåndag - fredag, kl. 08.00 - 15.30
GateadresseFlatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
PostadresseVik helsestasjon, Helsetunet, Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
E-postinger.lise.fjaerestad@vik.kommune.no
TilsetteLeiande helsesjukepleiar Inger Lise Fjærestad telefon: 41 46 85 07, konst. helsesjukepleiar Anette Rinde Fosse tlf. 96 51 72 01 og Jordmor Kamilla Mundal Neset
DigihelsetasjonKontakt med helsestasjonen via HelseNorge