Etablerarprøve for serveringsverksemdLytt til tekstenStopp avspillingMeir om tenesta Før ein serveringsstad kan få serveringsløyve, må dagleg leiar av serveringsstaden ha klart etablerarprøven. (Dette er ikkje det same som kunnskapsprøven etter alkohollova.)Etablerarprøven skal sikre at den som er ansvarleg for serveringsstaden, har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgjeving som har noko å seie for drifta. Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har tatt imot melding om at du ønskjer å avleggje prøven. Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette. Ta med gyldig legitimasjon.Brosjyrar og læremateriellLæremateriell til etablerarprøven for serveringsverksemd - Vinns nettbutikkKven kan få tenesta? Dagleg leiar i ei verksemd som har eller søkjer om serveringsløyve. Kva kostar tenesta?Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2025 og økonomiplan 2025 -2028 her.Heimlar med lenkjer:ServeringslovaForskrift om etablerarprøve - serveringsstad AdministrasjonenInformasjonKontaktopplysningarTelefon57 69 82 00GateadresseFjordavegen 1, 6893 Vik i SognPostadressePostboks 134, 6891 Vik i SognOpningstiderMåndag - fredag: 10:00 - 14:00.Organisasjonsnummer937498764EHF faktura0192:937498764E-postpostmottak@vik.kommune.noeDialogSikker elektronisk post til kommunen Publisert 13.08.2024 09:41 Sist endra 23.04.2025 10:03