Formannskap

A.  Opplisting av oppgåver
Formannskapet skal (ved å vedta eller gi innstilling til kommunestyret) handsame følgjande saker:

  • Lage verksemdsplan for neste budsjettår 
  • Heilskapsplanar og større tverrsektorielle planar 
  • Kommunedels- og reguleringsplanar (gi innstilling til kommunestyret) 
  • Politiske leiings- og samordningsoppgåver og i densamanheng søkje samarbeid med andre kommunar med tanke på løysing av interkommunale oppgåver til føremon for kommunen og distriktet 
  • Leia og samordne årsbudsjettarbeidet og leggje fram forslag til samla årsbudsjett, jfr. §45 og 46 i kommunelova 
  • Leia og samordne arbeidet med økonomiplanen leggje fram forslag til økonomiplan, jfr. §44 i kommunelova 
  • Arbeide ut årsmelding kvart år for sitt arbeidsområde


B.  Fullmakt – hastesaker
Formannskapet har mynde til å treffe vedtak i saker som ordinært skulle vore avgjort i kommunestyret, i dei høve det er turvande å treffe vedtak så raskt at det ikkje vert tid til å innkalle kommunestyret, jfr. §13 pkt 1 i kommunelova.

C. I samsvar med kulepunkt nemnde ovanfor er Formannskapet kommunen si plannemnd.

D. Supplert med to representantar frå organisasjonane utgjer Formannskapet og kommunen sitt administrasjonsutval

E. Formannskapet er kommunen si klagenemnd i klagesaker.

 

Fullstendig oversikt over medlem og kontaktinformasjon 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut