Du er her: Heim Barn og familie Barnevern

Barneverntenesta i Vik

  • Føremål med tenesta

    • Barnevernets oppgåver er å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa eller utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid, også bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

      Det blir lagt vekt på førebyggande arbeid. Barneverntenesta skal elles "bidra til å gi det einskilde barnet gode levekår og høve til utvikling ved råd, rettleiing og hjelpetiltak

  • Kven får tenesta

    • Målgruppa er barn mellom 0 og 18 år. Tiltak kan strekkjast lenger, når det er behov for og samtykke til det.

  • Korleis få tenesta

    • Barnet sjølv, foreldra eller andre kan gi melding til barneverntenesta. Private meldarar kan kreve anonymitet.

      Ei spesiell plikt kviler på skulen/barnehagen, helsetenesta, politiet og visse andre profesjonar og offentleg tilsette til å melde frå om tilhøve som kan føre til tiltak frå barneverntenesta si side.

  • Kva omfattar tenesta

    • Det blir lagt vekt på førebyggande arbeid.

      Barneverntenesta skal elles "bidra til å gi det einskilde barnet gode levekår og høve til utvikling ved råd, rettleiing og hjelpetiltak.

      Oppgåver/Hjelpetiltak: Hjelpetiltak kan komme på tale til barnet og/eller familien når det er særlege behov for det.

      Slike hjelpetiltak kan t.d. vere

      • støttekontakt
      • plass i barnehage
      • avlastningstiltak i heimen
      • tilrettelegging for aktiv deltaking på fritid
      • tilbod om utdanning eller arbeid 
      • høve til å bu utanfor heimen

      Barneverntenesta kan sette heimen under tilsyn ved å oppnemne tilsynsførar for barnet.

      Økonomisk hjelp kan også i visse høve vere eit aktuelt hjelpetiltak.

      Omsorgsovertaking:

      Er eit barn utan omsorg, eller er det fåre for at eit barn blir vesentleg skadelidande ved å bli verande i heimen, kan barneverntenesta (eller politiet) utan samtykke frå foreldra gjere mellombels vedtak om plassering av barnet utanfor heimen.

      Eit slikt vedtak skal straks framleggast for leiar av fylkesnemnda til mellombels godkjenning. Fylkesnemnda vil berre kunne gjere vedtak om å overta omsorga for eit barn dersom det er alvorlege manglar ved den daglege omsorga barnet får, eller det er alvorlege manglar ved den personlege kontakt og tryggleik som det treng etter sin alder og utvikling dersom foreldra ikkje sørgjer for at eit sjukt, funksjonshemma eller spesielt hjelpetrengande barn får dekt sitt særlege behov for behandling og opplæring dersom barnet blir mishandla eller utsett for andre alvorlege overgrep i heimen, eller dersom det er overvegande sannsynleg at barnet si helse eller utvikling kan bli alvorleg skadd fordi foreldra er ute av stand til å ta tilstrekkjeleg ansvar for barnet.

      Eit vedtak om omsorgsovertaking, og plassering utanfor heimen, skal berre gjerast dersom det er naudsynt ut frå den situasjon barnet er i, og det er rekna som utilstrekkjeleg eller nyttelaust å skape tilfredsstillande tilhøve for barnet ved hjelpetiltak til barnet eller heimen.

      Slike vedtak blir ikkje gjort utan omfattande saksutgreiingar og handsaming i fylkesnemnda for sosiale saker, i eit rettssakliknande møte. Partar i ei barnevernsak der omsorgsspørsmålet blir vurdert, har rett til advokatbistand.

  • Kva kan eg forvente

    • Etter ei melding til barnevernet om uheldige eller mangelfulle oppveksttilhøve, vil barneverntenesta undersøke om det er grunnlag for tiltak etter barnevernlova. Viser det seg behov for det, blir tiltak sett i verk.
  • Når ting ikkje fungerer

    • Kontakt barnevernet i Vik kommune
  • Pris

    • Tilbodet er gratis

  • Heimelsgrunnlag

    • Barnevernlova
  • Kontaktinformasjon

    • Barneverntenesta held til i 2.etasje på kommunehuset i Vik. Kontakt leiar for barneverntenesta: Ranveig Turvoll på tlf 57 69 82 11 / sentralbord i Vik kommune 57 69 82 00

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Tenesteomtalar