Eg er her enno - Eli Strand om livet med ulækjeleg kreft

Eli Strand frå Leikanger var tidligare programleiar i God Morgen Norge, men fekk livmorhalskreft i 2017. Ho har sidan levd med kreften og har vore gjennom fleire rundar med cellegift. Strand er ikkje framand for å snakke om kreften, og starta podkasten «Helsikes kreft». No er ho aktuell med boka «Eg er her enno: livet med kreft» der ho skildrar korleis det er å leve med dårlege prognosar, og om håpet som har kome og forsvunne. Sommaren 2021 vart Strand den første i Noreg til å prøva ein ny og lovande immunterapi. Så kom hausten, då fekk ho beskjed om at behandlinga ikkje fungerte likevel. 

«Eg er her enno» er ei bok om å vere drit lei, om å finne styrke og ikkje minst om glede.

Er det mogeleg å behalde håpet når legane seier at du sannsynlegvis ikkje har meir enn eit par år igjen? 

 

Gratis inngang.

Dato
25. januar 2023
Tid
19:00 - 21:00
Stad
Blix hotell

Arrangør

Vik folkebibliotek

Kontakt

Mona Svendsen
Til toppen