Bokbad med Brynjulf Jung Tjønn - konsertinnslag med Gygrene og Ein Te

Dato
1. april 2023
Tid
19:00 - 23:30
Stad
Blix hotell

Billettpris: kr. 250,- ebillett.no 

Me startar kvelden med konsert med vårt lokale og kjære damekor «Gygrene».

Etter dette kjem sjølve bokbadet der me møter Feiosforfattaren Brynjulf Jung Tjønn i samtale med vår eigen NRK-journalist Noralv Pedersen.  

Brynjulf har hausta stor suksess som forfattar, og markerte i fjor 20 års jubileum ved å gje ut to bøker. Det var biletboka «Gard er ikkje redd» og diktsamlinga «Kvit, norsk mann». 

Han får stor merksemd for diktsamlinga «Kvit, norsk mann», og boka vart den mestseljande lyrikksamlinga i 2022. Han vart 2. mars i år også tildelt årets Litteraturkritikarpris for beste skjønnlitterære vaksenbok for diktsamlinga.

«Kvit, norsk mann» er ei samling vonde og kloke – men tidvis også morosame – dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme. 

«Kvit, norsk mann» byggjar på forfattaren sine eigne erfaringar, men rettar seg til eit heilt land av lesande og nysgjerrige menneske. Tekstane trekkjer også forbindelsar til andre, liknande forteljingar – og set vår samtid og kultur under lupen.

Gjennom livet har forfattaren blitt minna på at han ikkje er norsk nok. Er han det no? Når blir han det? Og korleis ser framtida ut for hans eigne barn? Kven blir forfattaren og barna hans når den norske garden dei har arva må seljast?

«Kvit, norsk mann» er ei bok som bør lesast og brukast av alle. 

Det vil bli signering og sal av bøker etter samtalen. 

Til slutt er  det duka for sceneskifte, og det vert konsert med lokalbandet «Ein Te», som spelar kjente coverlåtar frå inn- og utland. 

Velkommen til ein innhaldsrik og koseleg kulturkveld på Blix hotell!

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
250

Arrangør

Vik folkebibliotek

Kontakt

Mona Svendsen
Til toppen