Madonna-helgi 2022

Hovemadonnaen i attskapa versjon kjem heim til Vik i Sogn. Bli med å feira "Madonna-helgi"!

Tidspunkt
Fredag 20.05.2022 00:00 - søndag 22.05.2022 00:00
Stad
Blix hotell/Hove kyrkje

Fredag 20. mai vert det heildags fagseminar (Blix hotell) med etterfølgjande  overleveringseremoni og konsert i Hove kyrkje.

Laurdag 21. mai vert det konsert med urframføring av eit bestillingsverk av komponisten Ørjan Matre. Verket byggjer på Maria-musikk frå mellomalderen.

Sundag 22. mai vert det økumenisk festgudsteneste i Hove kyrkje, og seinare på dagen blir det konsert med mellom andre songarinna Mari Askvik.

Både laurdagen og sundagen vil Hove kyrkje vera opa delar av dagane for dei som vil sjå Hovemadonnaen i kyrkjerommet. Om du ikkje har moglegheit til å ta del i «Madonna-helgi», så får du godt høve til å vitja Hove kyrkje og den gjenskapte Hovemadonnaen utover sommaren 2022.

Arrangør

Fortidsminneforeningen
Til toppen