Aktiv med deg

Aktiv med deg

Aktiv med deg er eit tilbod for pensjonistar, der me samlast i kvar enkelt bygd. 

Opplegget går ut på 30 minutt aktivitet og styrketrening, etterfulgt av sosialt samvær. Då tek me gjerne ein kopp kaffi, held ein Quiz eller slår av ein prat. Ta gjerne med handarbeid eller ei historie du ynskjer å fortelje. 

I Arnafjord møtest me på Valsvik skule annakvar tysdag kl 13:00: 05.11, 19.11, 03.12 og 17.12.
På Vangsnes møtest me på Vangsnes skule annakvar onsdag kl 11:00: 30.10, 13.11, 27.11 og 11.12.
I Feios møtest me på Feios skule annakvar onsdag kl 10:30: 06.11, 20.11, 04.12 og 18.12.
I Fresvik møtest me på Bygdeheimen annakvar onsdag kl 13:00: 06.11, 20.11, 04.12 og 18.12.

Aktiv med deg har no starta opp i Blixhalli i Vik kl 11:30- 12:15 kvar tysdag. Her blir det kun trening.

Tips ein ven  Skriv ut