Invitasjon til klimagrupperådgjeving for mjølkebønder 26.09.23

Klimaarbeid i landbruksnæringen

Landbruket sin klimaplan 2021-2030 er landbruket sin eigen plan for å nå måla om klimagassutslepp i næringa. Satsingsområda er inndelt i 8 satsingsområde der klimakalkulator og klimarådgiving på gardsnivå er satsingsområde nummer 1.
 

Kvifor klimakalkulator og klimarådgjeving?

Me treng norske utsleppstal på gardsnivå som viser kva for utslepp og kva for innsatsfaktorar som blir brukt i matproduksjonen. I dag vert det brukt utanlandske grunnlagstal som ikkje tek hensyn til betingelsar for norsk matproduksjon.

Klimarådgjevinga skal gi deg som bonde løysingar for ei gunstig drift, og sjå på kva løysingar hjå deg som kan gi reduksjon i klimagassutslepp. Rådgjevinga vert i storesalen i Kyrkjestova frå kl 10.00-15.00 Klimagrupperådgjeving er ei innføring i klimakalkulatoren med klimatilpassing til ei gruppe på 5-12 gardsbruk.

(Ein kan møte fleire per bruk, om ynskje).

NB! Rådgjevinga som det er invitert til her gjeld for gardbrukarar med ku-mjølk, sidan klimakalkulatoren for geit ikkje er klar enno.

Program:

  • Innlogging og gjennomgang av klimakalkulatoren
  • Klimatiltak og klimatilpassing grovfôr
  • Lunsj
  • Klimatiltak og klimatilpassing i mjølkeproduksjon
  • Arbeid med klimahandlingsplan

Kursleiarar er klimarådgjevarane Lise Elvagjeng (NLR Vest) og Jan Asle Torstad (Tine).


Ta med pc/ nettbrett og kodebrikke

Kostnad er 2000 kr pr gardsbruk, kostnaden blir tilbakebetalt ved å søkje om RMP-tilskot. I RMP søknaden skal tiltaksplanen vere vedlagt. (Søknadsfrist 15. oktober).

Påmelding til: kontakt@klimavest.no / mob:97727718, frist 20.09.23

Et bilde som inneholder tekst, Font, logo, GrafikkAutomatisk generert beskrivelseEt bilde som inneholder clip art, tegning, Grafikk, logoAutomatisk generert beskrivelseEt bilde som inneholder tekst, logo, Font, symbolAutomatisk generert beskrivelse