Midlar til klima-og miljøtiltakLytt til tekstenStopp avspillingNo kan frivillige lag og organisasjonar søkje om midlar til lokale klima- og miljøtiltak. Fylkeskommunen gir opp til 50 000 kr for gjennomføring av prosjekt eller tiltak. Prosjekt og tiltak som blir søkt om må vere i tråd med regionale klimamål Det blir gitt støtte inntil 50 prosent av total kostnad. Der fleire samarbeider om gjennomføring, kan høgare løyvingar vurderast. Les meir om ordninga og korleis ein søkjer Det at lag og organisasjonar i Vik gjennomfører klimatiltak er viktig for Vik kommune sitt klimaarbeid. Vil du vite meir om klimaarbeidet i kommunen ta kontakt med klimakontakt Karen Weichert, karen.weichert@vik.kommune.no eller på telefon 414 42 726. Publisert 19.04.2022 14:40 Sist endra 19.04.2022 14:56