Ny utlysing av SMIL-midlar

Resterande SMIL-midlar - 2022 vert utlyst med ny søknadsfrist - 27.09.22.

Bakgrunn for ny utlysing, er inndregne midlar frå prosjekt som ikkje har vorte gjennomført.

Formålet med SMIL-ordninga (spesielle miljøtiltak i jordbruket) er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusera ureininga frå jordbruket utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift.

Prioriterte tiltak:
• Tiltak i særleg verdifulle kulturlandskap, t.d. rydding av gamal kulturmark/beite.
• Tiltak for å ta vare på verdifulle bygningar og bygningsmiljø.
• Tiltak som hindrar eller førebyggjer ureining av miljøet gjennom landbruket.
• Tiltak som fremjar biologisk mangfald, t.d. i registrerte verdifulle naturtypar.
• Tiltak som er utgreidd gjennom planleggings- og tilretteleggingsprosjekt.

Søknadsfrist er 27.09.22

Søknadane må leverast elektroniske via ID-porten/Altinn.
Strategi for bruk av tilskot til SMIL-midlar i Vik kommune 2020-2023 (pdf) (PDF, 2 MB)

Informasjon frå Landbruksdirektoratet.


Har du spørsmål, ta kontakt med Veronika Seim Bech (rydding av beite og slåttemark)
telefon: 90 91 07 09, e-post: veronika.seim.bech@vik.kommune.no
eller Karen Weichert (verneverdige bygningar, kulturminne, andre tiltak)
telefon: 41 44 27 26, e-post: karen.weichert@vik.kommune.no

Til toppen