Status koronaviruset

Her kan du lesa siste nytt om koronasituasjonen i Vik kommune:

Smitte Testing Tiltak Vaksine Anna Other languages

Tilskot til verna kulturminne i Vestland 2022

Eigarar av verneverdige kulturminne kan søkje om tilskot til kulturminne. Me minner om at søknadsfrist er 23. januar 2022.

Det overordna målet med støtteordninga er å sikre regionen sine kulturminneressursar som vitskapeleg kjeldemateriale og grunnlag for nolevande og framtidige generasjonar si oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd. 

Eigarar av verneverdige kulturminne kan søkje om tilskot til kulturminne som er prioriterte i kommunal kulturminneplan og/eller vurderte av fylkeskommunen som kulturminne av regional verdi eller interesse. Kulturminne regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova blir prioriterte.

Søknaden skal sendast til Vik kommune med ei kort skildring av tiltaket, med finansiering- og framdriftsplan. 

Postadresse:
Vik kommune 
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Vik kommune si e-postadresse: postmottak@vik.kommune.no

Frist: 23.01.2022

Kommunen sender innkomne søknader i prioritert rekkefylgje til Vestland Fylkeskommune som handsamar søknadane.  Tildeling føreset minst 50% eigeandel eller anna finansiering (t.d. SMIL-midlar) av tiltaket. Ein har 2 år til gjennomføring.
Tiltaka skal fylgje antikvariske retningsliner og utførande handverkarar må ha utdanning eller realkompetanse innan bygningsvern og kunne vise til erfaring frå tilsvarande prosjekt.

Kontakt i kommunen for meir informasjon:
Karen Weichert, karen.weichert@vik.kommune.no
Mobil: 414 42 726

Til toppen