I Sogn og Fjordane er det i underkant av 400 lagseigde kulturhus. Mange av desse husa rommar mykje av den lokale frivillige kulturaktiviteten i lokalsamfunna. Å ha ein oppegåande og velfungerande stad å utøve aktivitetar, er ein viktig faktor for utviklinga av lokalt kulturliv og å gje gode tilbod til barn og ungdom. Ikkje minst er dette viktig for å motverke utanforskap og gi alle like moglegheiter til å delta i aktivitetar uavhengig av kvar du bur.
Huset i Bygda samarbeider med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane om tilskotsordning til bygningsmessige tiltak til organisasjonseigde hus, som grendahus, bedehus og ungdomslagshus. I år har Sparebankstiftinga løyvd 2 millionar kroner til ordninga.
Gåveordninga er avgrensa til lokale kulturhus i Sogn og Fjordane og skal gå til bygningsmessige tiltak. Dvs. alle fysiske formar for tiltak på organisasjonseigde hus, som renovering av tak, veggar, vindauge, kjøkken, toalett, universell utforming osv.
Søknadsfrist er 15. april.
Informasjon om ordninga og søknadsskjema finn de her
Det vil bli arrangert webinar om søknadsordninga i byrjinga av april. Informasjon om dette vil bli sendt ut ved seinare høve.
Har de spørsmål eller treng rettleiing om ordninga kan de ta kontakt med Christoffer Knagenhjelm, christoffer@ungdomslag.no eller på mob. 48004817.
Vi legg og ut relevant informasjon på Facebooksida vår
Bilete: Trudvang, eigd av Dale Ungdomslag, som fekk tilskot frå Huset i Bygda i 2021 til restaurering av fasaden.