Utlysing av verdsarvmidlar 2022

Aurland kommune lyser med dette ut tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden.
Søknadsfristen er fortløpande med siste frist 1. september 2022.

Søknad skal sendast inn elektronisk via Altinn.
Her er link til informasjon og skjema.

Tildeling av midlar vert i tråd med utarbeida reglar for ordninga.
Formålet med tilskotsordninga er å styrke landbruket i verdsarvområda. Dette vert lagt til grunn for kommunen sin forvaltning av ordninga.

Ramma til disposisjon i 2022 er om lag kr 5.000.000.

Kommunen har sett opp fylgjande budsjett for bruk av midlane:
Årlege tiltak: kr 3.200.000
Andre tiltak: kr 1.700.000
Felles tiltak: kr 100.000

For spørsmål om tilskotsordninga, ta kontakt med landbrukskontoret i Lærdal kommune.
Kontaktinformasjon:
Janne Marie Reppen – sakshandsamar
Magnhild Aspevik – landbrukssjef 

Til toppen