Viktig å ikkje fjerne all kantvegetasjon langs vassdrag

Vik kommune ynskjer å minne om at det etter vannressursloven § 11 skal oppretthaldast kantvegetasjon langs alle vassdrag med årssikker vassføring. Dette er grunneigaren sitt ansvar.

Vegetasjonsbeltet har fleire funksjonar som m.a. er viktige for livet i og langs vassdrag, og vasskvaliteten i elvane. Det finst likevel unntak, der delar av vegetasjonen kan fjernast. Nokre tiltak kan vere søknadspliktige.

Les meir om dette på Statsforvaltaren sine nettsider:
https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/miljo-og-klima/vatn/kantvegetasjon-langs-vassdrag/

Nve (Norges vassdrags- og energidirektorat) har og laga ein rettleiar til temaet:
https://www.nve.no/nytt-fra-nve/nyheter-skred-og-vassdrag/ny-veileder-om-vegetasjonen-langs-vassdrag/

Til toppen