Øyri

Anbodskonkurranse i samband med adresseprosjektet

Vik kommune set no inn ekstra ressursar for å sluttføra adresseprosjektet. I samband med prosjektet er det og lyst ut anbodskonkurranse på skilt og montering av desse. Me oppmodar interesserte entreprenørar om å delta i konkurransen.

Anbodskonkurransen vert gjennomført i regi av Sogn og fjordane fylkeskommune i samarbeid med Vik kommune og ei rekkje andre kommunar i Sogn og Fjordane. Når det gjeld fundamentering og montering av skilt, opnar konkurransen opp for ein leverandør i kvar einskilt kommune. Vik kommune vil med dette oppmoda interesserte entreprenørar om å levera tilbod på dette arbeidet.

Lenkje til utlysinga av anbodskonkurransen på Doffin.

For meir informasjon kan de kontakta Katrine Røkke Wilson, telefon 57 65 61 00, e-post katrine.wilson@sfj.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut