Foto Stadheimsvegen

Anleggsarbeidet på Tenål - endra køyremønster

Entreprenør skal no starta å grava i Tenålsvegen («Seljestokkane») med tanke på nytt VA-anlegg m.m. I løpet av onsdag 29.05, eller mest sannsynleg måndag 03.06 vert derfor Tenålsvegen stengd for gjennomkøyring. 

Den nye vegen frå Fylkesvegen til krysset ved Tenålstunet vert då opna for trafikk. Foreløpig er denne berre gruslagd. Køyr forsiktig!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut