Tenal

Anleggsarbeidet på Tenål – Vegstenging.

I samband med anleggsarbeidet, skal det leggjast nye vatn-/avløpsledningar med kummar i den kommunale vegen ved Tenål. Ved arbeidet i krysset må vegen stengast for gjennomkøyring nokre dagar.

Dei som bur i Følisvegen må køyra sørover til fylkesvegen. Dei som bur langs Tenålsvegen, frå krysset og nordover, og Stadheimsvegen ovanfor krysset, må køyra oppover om Stadheim til fylkesvegen. Det same må dei som bur på Stadheim. Gåande kan passera. Arbeidet startar måndag morgon 28. april. Det vert stengt måndag og tysdag. Ein håpar å opna att for passasje tysdag ettermiddag, men begrensingar ved at ein del av arealet vert inngjerda. -  Seinare må vegen vidare oppover stengast. Dette vil føra til mindre komplikasjonar trafikkmessig, men dei som bur på Stadheim, kan ikkje køyra om Tenål.  Vi håpar ulempene vert minst mogleg.


Mesta AS og Vik kommune.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut