IMG_3665

Arbeid med ny alminneleg taksering for eigedomsskatt frå 2020

Alle bustadeigedomar, næringseigedomar og fritidseigedomar i Vik kommune skal fotograferast og registrerast i tida framover. 

IMG_3659
IMG_3665

Dette vert gjort fordi alle eigedomar skal takserast på nytt slik at kommunen skal kunne justere eigedomsskatten i samsvar med verdien på eigedomane.

Vik kommune har hatt eigedomsskatt på alle eigedomar sidan 2009. Kommunestyret i Vik kommune vedtok i oktober 2018, ei ny alminneleg taksering av eigedomane. Taksten på eigedomane vart justert opp 10 % i 2019 (kontorjustering).

Dei ny eigedomsskatte-takstane og ny utskriven eigedomsskatt , vert kunngjort 1. mars 2020.

 

Synfaringa er i gang


Kommunen har tilsett synfararar til å gjennomføra dei nye registreringane . Vurderingane deira vert kontrollert og kvalitetssikra av kommunen. Vik kommune har tilsett firmaet eSkatt as som prosjektkoordinator/ prosjektressurs for støtte til prosjektet. Når ein eigedom er ferdig registrert vert opplysningane lagt fram for Sakkunning nemnd for eigedomsskatt , som vedtek takstane formelt.

Sakkunnig nemnd vedtek takstane. Dei får god hjelp av synfararane, eigedomsskattekontoret og eSkatt as, men det er Sakkuning nemnd som er vedtek takstane.

Det er elles kommunestyret som kvart år fastsett skattenivået gjennom vedtak av skattepromillen.

 

Utvendig synfaring


Takseringa av eigedomane har starta. Synfararane har på seg gule refleksvestar frå kommunen, og ber med seg ID-kort med namn og foto. På kvar eigedom tek synfararane bilete. Det er utvendig synfaring av eigedomane, og det er såleis ikkje naudsynt for eigar å vere til stades.

Synfararane har med seg eigedomsinformasjon frå Matrikkelen, og skal kontrollere at det som er registrert der er rett. Dei vil i tillegg ta bilete av alle bygg.

 

Eigar har plikt til å klage


Eigar har plikt til å klage dersom han oppdagar feil i takstgrunnlaget. Eigar er den siste kontrollinstansen som sikrar rett takstgrunnlag. Alle heimelshavarar oppfordrast difor til å kontrollere skattesettelen dei får i posten i mars 2020.

Eigar har seks veker på seg til å klage til kommunen og få ei ny vurdering. Dersom eigar ikkje får medhald klagen , kan saken klagast vidare til ei klagenemnd. Då vert det gjennomført ei ny runde med verdsetjing gjort av personar som ikkje kjenner til den opprinnelege taksten. Den nye takstvurderinga kan såleis bli både lågare og høgare enn den taksten ein hadde i utgangspunktet.

Meir informasjon ved eigedomsskattekontoret.

 

Aktuelle dokument

 

Oddbjørn Ese
Rådmann

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut