Varsel

Arbeid ved Høgretjørni på Vangsnes

Anleggsarbeidet ved Høgretjørni på Vangsnes er i gang. Prosjektet skal sikra større vassmagasin, og dermed sikrare vassforsyning til Vangsnes. Byggherre er Vik Kommune, og hovudentreprenør Jordalen Entreprenør As på Voss. Underentreprenør betong vert Røyrvik Bygg og Betong As, Vik. Hovuddelen av anleggsarbeidet går ut på å byggja ein ny betongdam, slik at vannstanden i vatnet kan hevast.

Høgretjørn under nedtapping
Høgretjørni under nedtapping
Høgretjørn nedtappa
Høgretjørni nedtappa

Varsel om sprengingsarbeid

Entreprenør Jordalen har varsla sprengingsarbeid slik:

I samband med arbeidet vil det bli utført spengingsarbeid i tida frå 22.09 til 1.12.15. Sprenginga vil bli varsla med sirene på denne måten:

  • 3 lange støyt 3 minutt før sprenging
  • 3 korte støyt umiddelbart før sprenging
  • 1 langt støyt når faren er over

 

Status og vidare framdrift

Det er no etablert ei ny tappeordning frå tjørna, til Fjellgrova, som fører vatn til vassverket. Tappinga vert drive ved hjelp av hevertprinsippet.

Tjørna er no nedtappa i høve til full (normal) vannstand. Dermed er anleggsområdet turt. Det skal byggast ein ny fangdam på vass-sida av den nye betongdammen. Dette for at vannstanden i tjørna på ny kan hevast, samtidig med at anleggsområdet ligg turt.

Permanent heving av vannstanden, vil føra til at den etaberte vegen forbi tjørna, mot Kallbakk, vil stå under vatn. Det vert derfor no, tidleg i anleggsperioden, laga ein ny veg på ca. 200 m høgre oppe i terrenget.

I startfasen vert det anleggsarbeid med bygging av fangdam, bygging av veg, osv. Etter at området for demningen er gjort klart, vil betongarbeidet føregå. Vertilhøva vil bestemma om ein kan halda på med arbeid i vinter. 

Anleggsarbeidet vil medføra noko endringar/mindre ulemper i byggeperioden for folk som ferdast i området:

  • Parkeringsplassen i enden på dagens bilveg vert brukt av entreprenør som riggplass. Vegen vert i prinsippet stengd eit par hundre meter nede. Parkering må skje på parkeringsplass her, eller langs vegen. Det vil vera mogleg å snu for småbilar oppe på parkeringsplassen. Parkering må ikkje vera til hinder for anleggstrafikken
  • Uvedkommande må ikkje gå inn på anleggsområdet! Det vert skilta om dette
  • Vegen forbi tjørnet vil i periodar ha dårleg standard fordi det er blautt i området osv. Det kan i periodar også vera vanskeleg å komma forbi fordi entreprenør driv med arbeidet sitt. Men han gjer sitt beste, bl.a. for å sleppa folk/køyretøy forbi. Entreprenør har arbeidstid måndag – torsdag. Fredag – sundag vert tilgjengeleg for forbipassering. Ein reknar med at vegen vert permanent stengd frå 4. oktober, men at då den nye omlagde vegen kan takast i bruk litt seinare på hausten
  • I første del av anleggsperioden vert det ein del sprenging. Då må sjølvsagt folk halda seg unna. Det er sett inn annonse i Sogn Avis om dette, sjå annonse nedafor
  • Me håpar at ulempene ikkje vert store for bygdafolket. Alt for at vassforsyninga på Vangsnes skal verta betre!
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut