Nyhende

Autorisasjonskurs
Publisert: 6. 01. 2016
av Åse Berit Balvoll
Norsk landbruksrådgiving Sogn og Fjordane held autorisasjonskurs i plantevern i februar 2016. Kursa er opne både for dei som skal fornye plantevernsertifikata og for 1. gongs kursdeltakarar. Dei som fornyar avsluttar med ei prøve på slutten av kursdagen, dei som tek kurset for fyrste gong må innom Mo på ein praksisdag (eiga påmelding).
Etter registrert påmelding blir kursbøker sende ut i god tid før kursstart.
Kurspris
Medlemar i NLR: kr 1200,- inkl. eksamensavgift. Ikkje-medlemar: kr 1900,-
Oversikt - plantevernkurs i Sogn og Fjordane februar 2016
Bøker og servering kjem i tillegg.Viss datoane ikkje passar kan ein delta på kurs på Mo og Øyrane vgs. For deira kursdatoar sjå: www.landbrukskurs.no/kurs