Tenester A-Å
Avlingsskadar i plante- og honningproduksjon og tap av sau på beite - erstatning
Generelt
Tenesteomtale
Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som er forårsaka av klimatiske forhold.
Ved klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon kan det gjevast erstatning ved
- avlingssvikt
- svikt i honningproduksjonen.
Erstatningsordningane har som føremål å redusere økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.
Klimatiske forhold kan vere
- tørke
- store nedbørsmengder
- flaum
- frost
- dårleg blomstring for honningproduksjon.
Du kan også søkje om erstatning for tap som følgje av mangel på sesongarbeidskraft i samanheng med koronapandemien.
Målgruppe
Landbruksføretak som
- er registrerte i Einingsregisteret
- driv vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar.
Kriterium/vilkår
- skadane er grunna klimatiske forhold (vêret) som det ikkje er mogeleg å teikne privat forsikring mot.
- føretaket driv sin fagleg forsvarleg, og hindrar og avgrensar skadane.
- du kan dokumentere årsakssamanheng mellom skaden og klimatiske forhold.
- du gir umiddelbar melding til kommunen om skaden.
Pris for tenesta
Brosjyrar, dokument, kart og liknande
Samarbeidspartnarar
aaa
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Landbruksdirektoratet. Skjemaet sender du til kommunen.
Skjema
Avlingssvikt - klimabetingede tapErstatningsordningane i landbruket
Søknad om erstatning for svikt i honningproduksjon
Søknadsfrist
- ved avlingssvikt, 31. oktober det året skaden har oppstått
- ved svikt i honningproduksjon må du melde frå før slynging og seinast innan 15. september.
Sakshandsaming
Kommunen skal uttale seg om søknaden før saka blir sendt til Statsforvaltaren, som avgjer saka.
Høve til å klaga
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Statsforvaltaren lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Landbruksdirektoratet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
___Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2020-03-02 14:00