Tenester A-Å
Avløysarordningane i jordbruket
Generelt
Tenesteomtale
Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket. Du kan søkje om tilskott til avløysing ved mellom anna
- ferieavvikling
- sjukdom
- svangerskap/fødsel/adopsjon
- følgje av sjukt barn til behandling
- dødsfall i nær familie
Tilskottet skal dekkje utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.
Målgruppe
Landbruksføretak
Kriterium/vilkår
Avløysaren må vere minst 15 år og kan ikkje ha inntekt frå gardsbruket eller vere ektemake/sambuar til ein som har inntekt frå gardsbruket.
Føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret, er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak
Sjå jordlova §§ 3 og 18.
Lover
JordlovaForskrifter
Forskrift om produksjonstilskudd i jordbruketForskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom mv.
___
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Skjema
Vedlegg
Søknadsfrist
Fristen for å søkje om tilskot til avløysing ved ferie og fritid er 15. mars for del 1 av søknaden og 15. oktober for del 2 av søknaden.
I søknadsskjemaet fører du opp dei utgiftene du har hatt til avløysing ved ferie og fritid inneverande år. Dersom du har hatt lågare utgifter enn det som er planlagt å vere det maksimale avløysartilskotet ditt, kan du etterregistrere utgiftene du hadde mellom 16. oktober og 31. desember. Fristen for etterregistrering er 10. januar.
Sakshandsaming
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere sak. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein kan tenkje at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut. Sjå søknadsskjemaet når det gjeld tidspunktet og retningslinene for utbetaling av tilskottet. Ta eventuelt kontakt med kommunen.
Sakshandsamingstid
Kommunen vil behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Høve til å klaga
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
___Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2020-03-02 14:01