Vik

Avtale om interkommunalt næringssamarbeid med Sogndal kommune

Vik kommune og Sogndal kommune har no inngått avtale om samarbeid om nærings- og samfunnsutviklingsarbeid i Vik kommune. 

Samarbeidet inneber mellom anna at Sogn Næring, som ein del av Sogndal kommune si tenesteportefølje, vil utføre det operative næringsutviklingsarbeidet i Vik på oppdrag frå Rådmannen i Vik kommune. 

I Vik vil Sogn Næring vere førstelinje for både gründerar og etablert næringsliv. Det er ynskeleg å jobbe målretta saman med bedrifter om å skape utvikling og nye arbeidsplassar. Sogn Næring kan mellom anna bistå med hjelp til idéavklaring, rettleiing til finansieringskjelder, kompetanse knytt til forretningsmodellering, kartlegging av utviklingspotensiale med meir. Vidare skal selskapet legge til rette for kurs og temasamlingar, og ha eit særskilt fokus på reiselivsnæringa og potensialet for auka produksjon og bruk av fornybar energi i kommunen.

Det vil bli utarbeida årlege handlingsplanar for arbeidet Sogn Næring skal utføre i Vik. Du kan lese meir om avtalen som er inngått mellom Sogndal og Vik kommune her.

Kontaktinformasjon
Nettside: www.sognnaring.no 
E-post: post@sognnaring.no
Kontaktinformasjon til tilsette: www.sognnaring.no/om-oss 

Tips ein ven  Skriv ut