Ordførarar

Balestrand, Leikanger, Sogndal og Vik samde om intensjonsavtale

Forhandlingane om intensjonsavtale for samanslåing av kommunane Balestrand, Leikanger, Sogndal og Vik vart avslutta fredag 26. februar. Dei fire forhandlingsutvala var samde om endeleg intensjonsavtale for samanslåing til ny kommune.

Etter ein runde med språkvask av avtaleteksten, har ordførarane Harald N. Offerdal, Jon Håkon Odd, Jarle Aarvoll og Olav Turvoll no signert avtalen.

Du kan lesa den signerte avtalen her.

Tidlegare har Vik kommune sitt forhandlingsutval også inngått intensjonsavtale med Voss og Aurland. Begge avtalane skal no til politisk behandling.

Du kan lesa meir om kommunereforma på samlesida vår her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut