Tenester A-Å
Snarvegar
- Barn og familie
- Bibliotek, kultur, idrett og fritid
- Bustad og eigedom
- For besøkjande
- For innbyggjarane
- For tilsette
- Gebyr og satsar
- Helse
- Kommunereforma
- Krisesenteret
- Ledige stillingar
- Næringsliv
- Omsorg, trygd og sosiale tenester
- Postliste
- Sjølvhjelp
- Velkomen til Vik
- Vik kulturskule
- Vikafjellstunellen
Barnehage - etablering og drift
Generelt
Tenesteomtale
Før ein kan setje i drift ein barnehage, skal han godkjennast av kommunen. Barnehagar som oppfyller dei tre kriteria/vilkåra i feltet under, må ha godkjenning. Barnehagar som ikkje oppfyller desse kriteria (til eksempel ope barnehagar) kan velje å søkje godkjenning. For å få godkjenning, pliktar barnehageeigaren å drive verksemda i tråd med gjeldande regelverk når det gjeld både pedagogisk innhald og helse, miljø og tryggleik. Krava er blant anna:
- Vedtektene til barnehagen skal blant anna gje opplysningar om formål, opptakskriterium og opningstider
- For å sikre samarbeidet med heimane til barna skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval
- Barnehagen skal føre internkontroll
Målgruppe
Barnehageeigarar
Kriterium/vilkår
For barnehagar som må ha godkjenning, gjeld:
- Barnehagen skal drivast på regelmessig basis og minst eitt av barna vil opphalde seg i barnehagen i meir enn 20 timar i veka
- Talet på barn som er til stades på same tid, er ti eller fleire når barna er tre år eller meir, eventuelt fem eller fleire når barna er under tre år
- Verksemda blir drive mot godtgjering
- Den som er ansvarleg for bygget eller den daglege drifta, må sørgje for at det blir utført ei radonmåling (frå 1.1.2014)
Samarbeidspartnarar
Styresmaktene knytte til helsesaker og til plan- og byggjesaker, brannvesenet, arbeidstilsynet.
aaaLover
BarnehagelovenFolkehelseloven
Opplæringslova
Forskrifter
Forskrift om foreldrebetaling i barnehagerForskrift om føring av kontantstøtteregister
Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler
Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager
Forskrift om politiattest i barnehager
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver
Forskrift om saksbehandling ved barnehageopptak
Forskrift om tilskudd til private barnehager
Økonomiforskrift til barnehageloven
Retningslinjer
Innrapportering for barnehagerKvalitet i barnehagen - St.meld. nr. 41 (2008-2009)
Mønsteravtale mellom kommunen og private barnehager
Retningslinjer for revisorattestasjon for årsregnskap av ikke-kommunale barnehager (F-06-11)
Rutiner for legemiddelhåndtering i barnehage, skole og skolefritidsordning
Tilskudd til private barnehager
Veileder til forskrift om miljørettet helsevern i barnehager (IK-2072)
___
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kommunen vil kunne rettleie deg om kva godkjenningar/uttaler du som barnehageeigar må skaffe før dei ansvarlege styresmaktene for barnehagane kan godkjenne barnehagen. Du bør derfor tidleg kontakte kommunen for å få informasjon om kva krav kommunen stiller.
Sakshandsamingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom kommunen ikkje kan gjere vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Høve til å klaga
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har teke imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klageinstans er Fylkesmannen. Før kommunen sender klagen dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
___Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2018-07-23 14:19