Behandlingsreise til utlandet

Generelt

Tenesteomtale

Behandlingsreise til utlandet er eit supplement til ulike behandlingstilbod som finst i Noreg. Dei fleste behandlingane skjer i Spania, Tyrkia, Serbia, Montenegro og på Kanariøyane.

Målgruppe

Personar som har

  • astma, kroniske lungesjukdommar og atopisk eksem (born og unge)
  • psoriasis
  • betennelsesaktig revmatisk sjukdom
  • seinskadar etter poliomyelitt (postpolio)

Kriterium/vilkår

Du må ikkje lide av andre alvorlege sjukdommar som til dømes

  • angina pectoris / nyleg hatt hjarteinfarkt
  • hjartesvikt
  • ubehandla høgt blodtrykk
  • kreftsjukdom (det skal gå tre år etter avslutta behandling)
  • alvorlege psykiske lidingar

Legen vil kunne gje deg fleire opplysningar om kva for sjukdommar som kan hindre deg i å reise. Alle som søkjer må i utgangspunktet kunne greie seg sjølve.

Pris for tenesta

Du må betale ein eigendel. Born og ungdom betaler ingen eigendel.

Brosjyrar, dokument, kart og liknande

Behandlingsreiser til utlandet
aaa

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.

___

Praktiske opplysningar

Skjema

Søknad om behandling i utlandet

Vedlegg

Epikrise frå revmatolog (ikkje eldre enn fem år) og andre viktige opplysningar som kan vere viktige

Søknadsfrist

Sjå lenkje Behandlingsreiser til utlandet i feltet Brosjyrar, dokument, kart og liknande.

Søknaden sendes til

Skjemaa skal sendast samla til Behandlingsreiser, Rikshospitalet, 0027 Oslo

Sakshandsaming

Søknaden blir medisinsk vurdert av ein lege i Behandlingsreiser.

Sakshandsamingstid

Tida varierer etter kva slags behandling du søkjer om. Du får melding i god tid før avreisa.

Høve til å klaga

Det er ikkje høve til å klage, men du kan sende inn tilleggsopplysningar som kan endre prioriteringa.

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2018-04-24 10:01

Sjølvbetening

Tenesteomtalar