landbruksteneste i Sogn arkivfoto

Beredskapsplanar for landbruket

Landbrukstenester Sogn formidlar avløysarar og landbruksvikarar. Det vert no jobba med å auka beredskapen, og det er behov for fleire beredskapsavløysarar.

Det er ynskjeleg å få oversikt over personar som kan gjera ein innsats i landbruket om behovet for hjelp aukar. Det går mot ei hektisk tid med våronn og lamming. Landbruket må haldast i gang. I fjøsane må alle daglege oppgåver utførast, det kan ikkje venta eller utsetjast. Vert bonden sjuk må me ha hjelp å tilby.

Sogn landbrukstenester

Landbruksteneste i Sogn logo
Ta kontakt om du kan hjelpa:

Tlf. 909 62 157

E-post: ltsogn@n-lt.no

Vår heimeside med kontaktinformasjon: www.landbrukstenester-sogn.no

Tips ein ven  Skriv ut