Åsedalen

Besøksstrategi i Stølsheimen

Har du innspel til korleis vi kan legge til rette for gode besøk, friluftsliv og lokal verdiskaping samtidig som vi tek vare på natur- og kulturverdiane i Stølsheimen? Då vil vi gjerne høyre frå deg før 20. desember.

Stølsheimen verneområdestyre har utarbeida ein besøksstrategi som no blir sendt ut på høyring. Målet med planen er å oppnå ein god balanse mellom å ta vare på verneverdiane, gje gode opplevingar for besøkjande og legge til rette for lokal verdiskaping. I planen blir det mellom anna sett på kva delar av verneområda som kan leggast til rette for auka aktivitet, og korleis vi kan styre ferdsel utanom dei mest sårbare områda.

Det er også viktig med eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag når det kjem til eksisterande bruk og besøk i områda. Landbruksdrift er viktig og avgjerande for å ta vare på det tradisjonelle kulturlandskapet.

Sit du på kunnskap som burde vore med i besøksstrategien? Har du innspel til område, stiar og turmål som burde bli betre tilrettelagt for ferdsel, område der ein bør unngå ny tilrettelegging eller forslag til gode innfallsportar? Då håpar vi du tek deg tid til å sjå gjennom dokumentet og komme med endringsforslag.

Høyringsdokument (pdf)

Høyringsbrev (pdf)

Saksprotokoll med vedtak om å sende strategien på høyring (pdf)

Innspel sendast til Stølsheimen verneområdestyre på e-post: fmvlpost@fylkesmannen.no

Fristen for å komme med innspel er 20.desember 2019.

For spørsmål til besøksstrategien ta kontakt med verneområdeforvaltarar:
Anbjørg Nornes fmsfano@fylkesmannen.no - telefon 57 64 31 29
Jorunn Vallestad joval@fylkesmannen.no - telefon 57 64 31 34

Tips ein ven  Skriv ut