Bok22

Biblioteka opnar att

Biblioteka i kommunen opnar dørene att måndag 25. mai, etter å ha vore stengt i over to månader.

Me er glade for at me no kan ynskja alle velkomne tilbake til hovudbiblioteket og filialane i Fresvik og på Vangsnes. Feios folkebibliotek held på med flytting til andre lokale, og kan dessverre ikkje ta imot besøkjande på kveldstid.
 
De kan levera og låna bøker og andre medium. Det er viktig å følgja rettleiinga for smittevern. Er du sjuk skal du bli heime. Hugs god handhygiene før og etter besøk i biblioteket. Det er utplassert handsprit i alle biblioteka. Barn under 15 år bør ha med seg føresette. Sjakkborda med tilhøyrande spel kan ikkje brukast. Maks 2 elevar kan kome inn samstundes for å låna og henta premiar til sommarles. Det skal vera minst ein meter avstand mellom alle i biblioteket, og ein meter avstand mellom lånar og personale.

Opningstidene er som før, og desse finn du ved å klikke her.

Tips ein ven  Skriv ut