botndyr Vikja

Biologar på feltarbeid i elvar

Kommunen deltar saman med fleire kommunar i Sogn i eit samarbeid med fylkeskommunen om å undersøkje elvar.

Dette vil vise miljøtilstand og gi ein peikepinn på eventuell ureining. Undersøkinga er ein del av arbeidet for at alle innsjøar, elvar, kystområde og grunnvatn skal oppnå miljømål etter vassforskrifta.

Det er leigd inn konsulentar som skal samle inn og analysere prøver av botndyr og begroingsalgar. Undersøkingane vil etter planen foregå i august og oktober. 
 

Elvar i vassområde som inngår i arbeidet
Elvar kommune
Midttunelva Gulen
Nordgulelva Gulen
Moldeelva Gulen
Bekk ved Ånneland,Sandøyna Gulen
Bekk ved Sandevika,Sandøyna Gulen
Elv inst i Eidsfjorden Gulen
Storelva, Indre Oppedal Gulen
Hovlandselva Høyanger
Bjordalselva Høyanger
Seljedalselva Vik
Hønsigrovi Vik
Hopperstadgrovi Vik
Kvamselvi Vik

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut