Ungdomsrådet

Bli med i ungdomsrådet!

Me i ungdomsrådet treng fem nye medlemmar og me treng deg! Meiner du det er viktig at ungdommen vert høyrt og at deira stemme kjem fram i lokalpolitikken? Då håpar me du vil melda deg som kandidat til valet som er i slutten av januar! 

Du kan vera i alderen 13 – 18 år og kan melda deg som kanditat for bygdene og for ungdomsklubben. 

Me samarbeider med skulane og ungdomsklubben som gjennomfører vala og du kan vera kandidat både på skuleval og val i ungdsomsklubben. 

Ungdomsrådet har møter om lag annakvar månad der me går gjennom aktuelle politiske saker, me skal delta på karrieremessa i Bergen 13. februar, arbeider for å få til trailbane og kanskje me kan få i gong fleire atkivtetar for barn og unge når du vert med? 

Om du vil vita meir om ungdomsrådet så kan du ta kontakt med Sivert Fosse, sivert.fosse@gmail.com og Ingvild Berge Feidje, ingvildbf@live.no 

Meld deg innan 28. januar! 

Dersom du kjem frå Feios eller Fresvik så melder du deg til Gjertrud Samland, gjertrud.samland@vik.kommune.no 

Dersom du kjem frå Vagnsnes, Vik eller Arnafjorden så medler du deg til Dagmar Vevle, dagmar.vikoren.vevle@vik.kommune.no 

Dersom du er medlem i ungdomsklubben og vil stilla som kandidat der så melder du deg til Paul Townsend, paul.john.townsend@vik.kommune.no 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut