Vigsel

Borgarleg vigsel i Vik kommune

Laurdag 29.9.2018 gjennomførte ordførar Olav Turvoll borgarleg vigsel på Blix Hotell.

Brudeparet denne gongen var Laila Storevik og Jan Frode Seim frå Voss. Ekteparet er hytteigarar på Vikafjellet. Dagen vart feira med vigsels-sermoni og lunsj på Blix Hotell, medan resten av bryllaupsfesten vart gjennomført på hytta på Vikafjellet.

Vik kommune ønskjer brudeparet til lukke med dagen og alt godt for framtida!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut