Borgarleg vigsel

Generelt

Alternativt navn

Giftarmål

Tenesteomtale

Skal du gifte deg borgarleg?

Frå 1. januar 2018 er det ordførar eller varaordførar som i følgje lova har mynde til å gjennomføre ein borgarleg vigsel. 

Kommunestyret i Vik har ikkje delegert mynde til andre enn dei personane lova gir slikt mynde, men vedteke at det er ordføraren og varaordføraren som kan vigsle brudepar i Vik kommune.

Ta kontakt med oss for meir informasjon om å gifte seg borgarleg i Vik kommune.

Kriterium/vilkår

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg. Sjå kapittel 1 i ekteskapslova.

Pris for tenesta

Tilbodet er gratis dersom du bur i kommunen du vil gifte deg i. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.

Brudeparet må betala faktiske kostnader knytt til leige av lokale, og eventuell ekstra godtgjersle til vigslar.

Samarbeidspartnarar

Vik kommune samarbeider med Blix hotell.

aaa

Sjå spesielt ekteskapslova kapittel 1 og §§ 11, 12, 12a, 13, 14.

Lover

Ekteskapsloven

Forskrifter

Forskrift om kommunale vigsler
Forskrift om registrering og melding av vigsel
___

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår. Frå juni 2018 kan du søkje om prøving av ekteskap digitalt. Behandlingstida er likevel 2-3 veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.
 
Skjema som skal fyllast ut er desse:
 
  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte, dersom du har vore gift tidlegare
  • Melding om endring av namn, dersom du skal skifte namn.
Skjema og rettleiing finst på skatteetaten.no.
 
Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.
 
Etter at de har fått prøvingsattesten kan de ta kontakt med kommunen.

De må ha gyldig legitimasjon for å tinge vigsel hos kommunen.

De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.

Kommunen gjev deg tilbod om eit høveleg lokale og om kva tidspunkt dei kan tilby vigslar.

I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. Men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.

Kommunen sender deretter ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2017-12-18 14:55

Tenesteomtalar