Hove og ennefjellet

Breiband i Seljadalen, Ovrisdalen og Bødalen

Det går mot statleg og fylkeskommunalt tilskot på til saman 2,7 millionar til utbygging av høgkapasitet breiband i Seljadalen, Ovrisdalen og Bødalen.

Kartutsnitt
Prosjektområde

Hovudutvalet for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune handsama 30. mai prioriteringslista for breibandsprosjekta i fylket. Vik sitt prosjekt, utbygging i Seljadalen/Ovrisdalen/Bødalen, er vurdert som det nest beste prosjektet i fylket etter Flora sitt prosjekt. 

Fylket har tidlegare i 2018 fått tildelt statlege midlar på 17,2 millionar til fordeling. I vedtak 30. mai, har Hovudutvalet for næring og kultur løyvd midlar som gjer at Vik sitt prosjekt, saman med sju andre prosjekt i fylket, no er fullfinansiert.  

Det siste nålauga som gjenstår,før prosjektstart, er at NKOM (Nasjonal kommunikasjonmyndighet) skal godkjenne søknadane i høve formelle feil, og gi den endeleg løyvinga til prosjekta. Endeleg  avgjerd er venta å koma i september.

Frå løyvinga kjem, vil det ta om lag eitt år før dei første innbyggjarane i prosjektområdet kan ta i bruk den nye digitale motorvegen.

For innsyn i saka til Hovudutvalet for næring og kultur, følg denne lenka (sak 37/2018).

Tips ein ven  Skriv ut