Åsedalen

Brukarundersøking i Stølsheimen

Stølsheimen verneområdestyre har gjennomført ein brukarundersøking blant besøkande i Stølsheimen. Turgåarane vart invitert til å svare på spørjeskjema som dei fann i "svarkassar" som var plassert ut langs stien på dei viktigaste innfallportane til området. Liknande brukarundersøkingar vert gjennomført i mange av dei norske nasjonalparkane og landskapsvernområda, som ledd i ein nasjonal innsats for å styrke besøksforvaltninga i verneområda fram mot 2021. Oslo Economics og Dosent Ole Jakob Sørensen ved Nord Universitet har analysert data frå spørjeundersøkinga og utarbeidd rapport på oppdrag frå verneområdestyret.

1093 turgåarar deltok i brukarundersøkinga i løpet av sommarmånadane i 2017, då svarkassane sto ute. Undersøkinga viser at ein fjerdedel av respondentane i Stølsheimen landskapsvernområde bur i enten Modalen, Høyanger, Vik, Vaksdal eller Voss. Nesten 20 prosent kom frå utlandet, frå 14 ulike land. Halvparten av alle utlendingane var tyske, medan nederlendarar og belgiarar også var representert i stort tall. 38 prosent av dei besøkande hadde aldri besøkt Stølsheimen før.

Turgåarane var, etter undersøkinga å dømme, godt nøyde med tilrettelegginga for friluftsliv i Stølsheimen, med god grunn – det er heile ni turisthytter i Stølsheimen og eit omfattande stinett mellom dei. Det er det tradisjonelle turfriluftslivet og moglegheitene til å ferdast i eit særeiget natur- og kulturlandskap som trekkjer besøkande til Stølsheimen.

Forbetringspotensialet for tilrettelegginga i Stølsheimen ligg ifølge mange av dei besøkande i tydlegare merking av stiar til fjelltoppane. Værforholda i Stølsheimen er lunefulle, og når tåka legg seg kan det være vanskeleg å finne fram. Undersøkinga tyder på at turgåarane i Stølsheimen er erfarne med friluftsliv, og veit å tilpassa seg forholda.

Verneområdestyret skal bruke resultata frå undersøkinga i utarbeiding av ein besøksstrategi for verneområdet.

Kontaktinfo:

Anbjørg Nornes

verneområdeforvaltar

E-post: fmsfano@fylkesmannen.no

Tlf: 57643129 / 99499753

http://www.nasjonalparkstyre.no/stolsheimen

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut