Oddbjørn Ese

Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021

Fylkesmannen har no meldt tilbake til Vik kommune at dei har gått gjennom budsjett- og økonomiplan 2018-2021. 

Fylkesmannen skriv at det er balanse i budsjetteringa, innhald i dokumenta er greie og fordelte budsjetterte innsparingar er omtala på ein tilfredsstillande måte.

Rådmann Oddbjørn Ese seier i ein kommentar at han er nøgd med avklaringa frå Fylkesmannen og at arbeidet med gjennomføring av tiltaka i budsjettvedtaket held fram slik det er starta. Etter at Vik kommune i 2016 vart meldt ut av Robek-registeret er Fylkesmannen si kontroll av kommunen sitt budsjettvedtaket vesentleg meir avgrensa enn det var i tida då Vik var Robek-kommune. Rådmannen presiserer at kravet om lovlegkontroll som er sett fram for den delen av budsjettvedtaket som gjeld drifta ved Fresvik bygdaheim, ikkje er ferdig handsama av Fylkesmannen.

Du kan henta plandokumentet her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut