Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
Bustadfet Tenål

Bustadfelt Tenål - anleggsarbeid

Følisvegen frå Tenålskrysset vert stengd for gjennomkøyring, og asfaltering fører til omkøyring i periodar. 

Det går mot slutten på det store anleggsarbeidet på Tenål. Det vil seie at ein del finpuss må stå att til våren; slik som resterande asfaltarbeid, finpussing i hagar, gjerde ved jordbruseigedomar, og liknande. I det siste har ein drive eit omfattande arbeid med å kobla eksisterande hus til det nye vatn- og avløpsnettet. Dette vil halda fram ei stund til, innimellom anna arbeid.
Det skal no straks, måndag i veke 46, startast opp med å leggja vatn, avløp, overvatn og straum i den første delen av Følisvegen, frå Tenålskrysset. Det er ca. 60 m, og vegen vert stengd for gjennomkøyring ei tid, ein reknar med ca. 14 dagar. Det vert også noko arbeid i Tenålskrysset, men her skal ein klara å leia trafikken forbi.
Vidare skal det meste av asfaltarbeidet utførast no i haust. Entreprenøren startar med avretting på vegar i veke 46, og asfaltering gjennomførast i veke 47 og/eller 48. I samband med dette vert det også noko omkøyring i kortare periodar.
Asplan Viak, som har vore rådgjevar i heile prosjektet, driv også med ein trafikksikringsplan for heile området; som fartsgrenser, fartsdumpar, skilting, osv. Dette gjeld også fylkesvegen med Statens Vegvesen.

 

Tips ein ven  Skriv ut