Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
Tenål

Bustadfelt Tenål - anleggsarbeidet

Det har oppstått nokre endringar i framdrifta på anleggsarbeidet i samband med bustadfeltet på Tenål.

I forrige informasjonsskriv var me optimimistar og lova asfalt på mykje av vegane før jul. Så kom frosten og tele (sjølv om perioden ikkje var så lang). Førebuingsarbeidet for asfalt på vegane måtte stoppast, og asfaltfirma var lite villige til å utføra asfaltarbeid. Det var usikkert med vær og temperatur, og ein måtte lata sikkerheit for at kvaliteten vart god vera avgjerande. Første lag med asflat på fylkesvegen (Seljadalsvegen) vart lagt. Men resten vert utsett til våren for å sikra godt sluttresultat. Det er lagt inn bestilling til månadssiftet mars/april når asfaltverk opnar opp att for produksjon, men også då avhengig av at evt. tele er vekke.
Tenålsvegen («Seljestokkane») skal iflg. reguleringsplan verta gang- og sykkelveg. Han er i det siste vorte brukt svært mykje som bilveg, til dels med svært høg fart.  Han er derfor no stengd for bilkøyring. Det vil komma opp permanent bom oppe ved krysset på Tenål.
Noko arbeid vert også ståande att til etter nyttår. Noko må også venta til våren, når det vert betre å arbeida med jord og liknande.

 

Tips ein ven  Skriv ut