Ten

Bustadfelt Tenål og rassikring Badnadalen - status

Det nærmar seg sommarferie. Entreprenør har fri i veke 29, 30 og 31, det vil seie frå 11.07. til 05.08. I denne perioden vert det stillstand på anlegget.

Entreprenøren arbeider no med kabellegging og masseutskifting i Tenålsvegen («Seljestokkane»). Øvre del er no køyrbar, siste del ned mot fylkesvegen vert teke etter sommarferien. Dette gjeld då VA-grøft med ledningar og påkoblingspunkt for bustader, dessutan masseutskifting og kabelgrøft. Vegen vert grusa, asfaltering her vert etter vinteren.

I Badnadalen er det mykje av plastringsarbeidet utført.  Ein renskar no utsprengt fjell, og ein er begynt å køyra ut  sprengstein. Tysdag 2. juli startar entreprenør med litt utviding av den kommunale vegen forbi Badnadalen, og med muring av ein støttemur langs denne. Stadheimsvegen vert derfor stengd fram til arbeidstid slutt torsdag 4. juli, og frå måndag morgon 8. juli og utover den veka til torsdag 11. juli.

Etter sommarferien, frå 5. august, startar arbeidet med ein stor slamavskillar ved Vange bru. Først omlegging av ein del ledningar, deretter graving for tank. I tida etterpå vert det graving av grøft for vatn- og avløpsledningar langs fylkesvegen mot krysset til «Seljestokkane», og vidare i fylkesvegen oppover. I Badnadalen vert det utkøyring av steinmassar i perioden etter ferien.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut