Kart

Bustadfelt Tenål og rassikring Badnadalen

Asplan Viak as har på vegne av Vik kommune prosjektert og gjennomført tilbodskonkurranse for nytt bustadfelt Tenål, samt rassikring i Badnadalen. Vik kommune har no skrive kontrakt med Mesta as som entreprenør for prosjektet. 

Kart
Kartutsnitt

Det har tidlegare vore halde informasjonsmøter både i samband med reguleringsplanprosessen og i samband med prosjekteringsarbeidet. 

Vi ønskjer med artikkelen å informere litt om kva arbeid og tiltak som kjem til å skje framover i samband med anleggsdrifta.

Bakgrunn og planar

Godkjente reguleringsplanar for bustadfelt Tenål og for Badnadalen ligg til grunn for arbeida som no skal gjennomførast. I tillegg har ein undervegs i prosjektet sett behov for å skifte ut eksisterande vatn- og avløpsleidningar (VA-anlegg) av eldra dato, langs fylkesvegen frå Vange bru og opp til ny regulert avkøyring til Tenåltunet.

Rassikringa i Badnadalen er eit stort prosjekt i seg sjølv, og det skal gravast og sprengast ut store mengder masse i området, anslagsvis 30 000 m3. Nokre av massane vert brukt i bustadfeltet og som oppattbygging av sikringstiltak både i Badnadalen og elva. Størsteparten av massane vert likevel lagt i deponi på dyrka mark like ved uttaket. Dette er ei gunstig løysing med omsyn på transport. Det er rekna med at tiltaket i Badnadalen ikkje vil få særlege konsekvensar for tredjepart.

Gartneritomta er einaste tiltaket på nordsida av Stadheimselva. Gartneriet er allereie fjerna i eigen kontrakt, no står det igjen tilrettelegging for nye tomter med kommunal infrastruktur som veg, VA-anlegg og straum.

Vik kommune gjennomfører også prøvetaking i grunnen for å sjekke at massane her er reine. Eventuelle forureina massar vil verte fjerna.

Arbeid med nytt bustadfelt vil i hovudsak omfatte bygging av nye vegar, VA-anlegg, framføring av straum og tele, nye gatelys og ein ny leikeplass. Ein del av arbeidet vil kunne føregå utan for store konfliktar med eksisterande busetnad, men etter kvart vil ein måtte gjere tiltak i eksisterande vegnett. Heile Tenålvegen (tidlegare kalla Seljestokkane) kjem til å verte gravd opp for legging av både VA-anlegg og EL-kablar. Eksisterande trestolpar og luftspenn vert fjerna, og kablar lagt i grøft.

Under arbeidet med prosjekteringa vart det gjennomført tilstandskontroll på eksisterande VA-anlegg som ligg i fylkesvegen per i dag. Kontrollen synte at det var behov for sanering, og legging av nye leidningar på strekninga. Desse vert lagt i gangveg på strekninga frå Vange bru til Tenålvegen. Vidare herifrå skal leidningane gå i fylkesvegen til omlag der ny avkøyrsle til Tenåltunet kjem.

Framdrift

Oppstart på anlegget vert i veke 51, og entreprenøren startar med arbeid i Badnadalen i første omgang. I tillegg vil det verte etablert riggområde, og dette vert rett nord for Tenåltunet.

Arbeidet på gartneritomta vil ta til på nyåret.

Utover i februar / mars vil arbeidet med etablering av nye vegar-trasear i bustadfeltet starte opp. Når nye vegtrasear er etablert, kan arbeidet i eksisterande vegar ta til.

Heile anlegget skal vere ferdig til 1 .desember 2019, med frist for tilstelling og asfaltering til 15.mai 2020.

Entreprenøren kjem undervegs til å legge fram meir detaljerte framdriftsplanar slik at vi prøver å halde dykk som grunneigarar best mogleg informert undervegs om tiltak og endringar som påverkar dykkar kvardag.

Trafikkavvikling og framkomst

Ein vil så langt som råd er halde eksisterande vegar opne for fri ferdsel gjennom anleggsperioden. Det vil likevel verte behov for stengingar i større eller mindre grad, og trafikken vert då leia over på alternative trasear.

Fylkesvegen skal haldast open så langt det let seg gjere.

Vik kommune og entreprenøren vil varsle så tidleg som mogleg om det vert endringar i køyremønster.

Endringar kommunalt vatn- og avløpsanlegg

I området ved Vange bru vert det sett ned ein ny kommunal slamavskiljar, dimensjonert for både nytt bustadfelt Tenål, og eksisterande busetnad frå Vange bru og opp til Teigane. Grunneigarar som er kopla på offentleg avløpsnett bør då fjerne sin private slamavskiljar, då tømminga av desse vil opphøyre i kommunal regi. 

Eventuelle grunneigarar som ikkje er påkopla kommunal vatn- eller avløpsanlegg, vil få pålegg om tilknyting. Dei det gjeld vil verte særskilt varsla om dette i eige brev. Pålegg om tilknyting er heimla i plan- og bygningslova §27-2, andre ledd.

Kontaktpersonar i prosjektet

Vik kommune v/byggeleiar Nils Gunnar Finne kan kontaktast om ein har spørsmål til prosjektet

Tilf: 915 13 117

E-post: nils.gunnar.finne@vik.kommune.no

Det er også høve til å melde seg på nyheitsbrev på e-post. Dette kan du gjere ved å følja denne lenka.

Tips ein ven  Skriv ut