Tenål - omkøyring 2

Bustadfelt Tenål - trafikkavvikling

På grunn av arbeid knytt til bustadfelt på Tenål, vert det nytt køyremønster frå slutten av veke 39.

Arbeidet held fram som planlagt. Den store septiktanken ved Vange bru er graven ned, denne skal dekka heile området, både eksisterande og nye hus. Nye vatn-, avløp- og overvassledningar er lagde langs Fylkesvegen opp til krysset med «Seljestokkane» (Tenålsvegen). No vert straum/fiber lagt i same området. Ved krysset skal grøfta gå inn i Fylkesvegen (Seljadalsvegen). Fylkesvegen vert då graven opp frå nemnde kryss, og opp til den nye avkøyrsla til Tenål. Ein har fått løyve frå Statens Vegvesen til å stengje vegen i perioden medan dette arbeidet pågår.
Det vert derfor nytt køyremønster i perioden framover, frå slutten av denne veka (veke 39) og ein til ein og ein halv månad framover. Naturleg omkøyring vert opp «Seljestokkane» (Tenålsvegen) til første hovudavkøyring mot høgre, nedafor huset til Sveinung Tenold, og fram til krysset mot Seljadalsvegen. Entreprenør Mesta AS lagar no nokre møteplassar, og grusar vegen. Ein kan også køyra om Hove om ein ønskjer det.

Tenål - omkøyring

Tips ein ven  Skriv ut