Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
Bustadfelt Tenål - rassikring Badnadalen

Bustadfelt Tenål - vegstenging Elvegata

Det går mot slutten på prosjektet, og rassikringstiltaket i Badnadalen er ferdig (foto). På grunn av arbeid med kryssande leidningar, blir Elvegata stengt frå måndag til onsdag neste veke.

Rassikring Badnadalen
Ein steller no til att bakkane som er brukt som deponi for massar frå rassikringsgropa, inklusiv arealet som vert brukt til grønkompostområde. Her skal det leggjast på matjord, og alt skal brukast som landbruksareal.

Vegstenging - Elvegata
På Vange, ved Vangsbrua, er det bygd eit «Ventilhus», der ventilar for styring av vassanlegget i heile området er plassert. Ein har då lett tilgang, utan å måtta ned i kummar ved regulering/stenging. Her skal arealet no stellast til. Ein skal også krysse Elvegata med fleire leidningar mot elva i neste veke (veke 21). I samband med dette må Elvegata stengast måndag – onsdag i neste veke. Vegen vert stengt oppe ved Vangsbrua for gjennomkøyring, og det vert skilta nede ved RV13 på Vetleøyri.

Informasjon om vegar - gang/sykkeltrafikk
Massane i vegbana må få setja seg noko før asfaltering. Det vert asfaltering i heile området (Vange – Tenål – Føli) mot midten av juni. Før det skal alle vegar høvlast og vegkantar stellast til. No vert krysset mellom Tenålsvegen (Seljestokkane) og Seljadalsvegen laga til med ei trafikkøy i krysset. Biltrafikk skal gå beit ned mot Seljadalsvegen, på sørsida av øya. Dette gjeld trafikk i begge retningar. Gang/sykkeltrafikk skal gå på andre sida av øya (langs elva), før kryssing av fylkesvegen. 
Det er totalt sett lagt svært mykje ressursar i fornying av det gamle vatn/avløp/overvass-systemet i heile området. Vi håpar og trur at det vert eit fint og attraktivt område (det er no i vår selt ei tomt til…).

 

Tips ein ven  Skriv ut