Oddbjørn Ese

Den økonomiske situasjonen i Vik kommune – ei presisering

Rådmann Oddbjørn Ese skriv om Vik kommune sin økonomiske situasjon i eit lesarinnlegg i Sogn Avis i dag.  Du kan lesa innlegget også her.

Den økonomiske situasjonen i Vik kommune – ei presisering.

Etter at det sist veke vart halde eit større budsjett-/økonomimøte i Vik kommune har me sett fleire fyldige og gode reportasjar i Sogn Avis. Det er sikkert ikkje like lett for alle å få full oversikt over dei økonomiske samanhengane. Mange tal svirrar i lufta, som lett kan skapa forvirring. Eg finn det difor rett å koma med eit par presiseringar slik at den viktige debatten som skal skje framover er tufta på rett faktum.

Vik kommune har vore gjennom mange utfordrande år i kjølvatnet av Terrasaka i 2007. Gjennom tung skattlegging av innbyggjarane, omfattande hjelp frå staten og nokre avgrensa driftstiltak har me klart å koma oss gjennom utfordringane og er no også utmelde av robekregisteret. Etter forliket med DNB i 2015, som gjorde at Vik kommune kunne redusera tidlegare tapsføring monaleg, er Vik kommune sin finansielle situasjon vesentleg forbetra. Disposisjonsfondet vårt var ved sist årsskifte vel kr 23 mill. Dette er godt over tilrådd storleik for å vera i stand til m.a. å møte uforutsette hendingar med uventa inntektssvikt eller kostnadsauke. Eg trur dei fleste innbyggjarane i Vik, sett bort frå å måtta betala høg eigedomsskatt, ikkje har merka særleg mykje til konsekvensane av terrasaka. Eg meiner det er grunnlag for å sei at dei kommunale tenestene til innbyggjarane er ytt på forsvarleg vis, og med tilferdsstillande kvalitet gjennom desse åra.

Det dei færraste har merka i kvardagen er at det gjennom dei siste åra har vore gjennomført eit nesten katastrofalt mangelfullt vedlikehald av kommunale bygningar, vegar og anna infrastruktur. I tillegg til manglande vedlikehald har investeringane vore på eit svært lågt nivå. Det er desse utfordringane som no møter oss med full kraft. Behovet for opprustinga av kommunale bygningar og anlegg, og ynskjet om etablering av bustadfelt for unge og andre som ynskjer å etablera seg i kommunen vår, er eit par svært viktige eksempel. I tillegg til desse utfordringane er kraftinntektene sterkt reduserte. Inntekter frå eigedomsskatt frå kraftverk, frå sal av konsesjonskraft og utbytte frå Sognekraft er over ein kort periode på 2-3 år reduserte med opp mot kr 15 mill. årleg. Det er venta ytterlegare omfattande reduksjon i eigedomsskatten i 2018.

Økonomiplanen for Vik kommune for 2017 – 2020 synleggjer dei økonomiske utfordringane kommune står framfor. Dersom me held fram dagens driftsnivå, vil disposisjonsfondet vera brukt opp i denne perioden. I høve til å ha det som blir kalla ei sunn økonomisk drift, manglar kommunen kr 12 mill. årleg, truleg meir når ein tek omsyn til ytterlegare reduskjon i kraftinntektene. Fylkesmannen kjem i si tilbakemelding til kommunen, etter handsaminga av sist kommunebudsjettet og økonomiplan, med klåre åtvaringar om utviklinga i kommuneøkonomien dersom det ikkje blir teke heilt nødvendige grep.

Det er dette arbeidet me no har starta på. Det er mi oppgåve som rådmann, i lag med andre leiarar, tillitsvalde og tilsette å peika på område der det ligg potensiale for innsparing. Økonomise analysar der Vik kommune blir samanlikna med andre, viser at me har slikt potensiale innanfor det meste av den kommunale drifta. Disposisjonsfondet vårt gjer at me kan bruka noko tid på desse heilt nødvendige tilpassingane. Til slutt er det politisk nivå, kommunestyret som skal ta avgjerd.

Det blir tøffe tak utover hausten både administrativt og politisk i Vik kommune. Vik kommune har valt å halda fram som eigen kommune. Sjølv om eg som rådmann er usamd i dette valet, aksepterer eg det sjølvsagt fullt ut. Den viktigaste føresetnaden for å halda fram som eigen kommune er at me klarar å få på plass ein sunn kommuneøkonomi. Utfordringa er kr 12 mill. årleg.

Oddbjørn Ese
-rådmann i Vik kommune-

 

Tips ein ven  Skriv ut